KLUBBENS VISJON OG MÅLSETTING
NFF’s visjon er fotballglede, moglegheitar og utfordringar for alle.
Visjonen til fotballgruppa er: REIN FOTBALLGLEDE!
Fotballgruppa har som mål å gje eit tilbod til alle som ynskjer å spele fotball – flest mogleg, lengst mogleg, best mogleg:

Det ynskjer me å gjere gjennom:

  • Motiverande og lærerike treningar
  • Alle skal få utfordringar på sitt nivå
  • Spelarar som blir sett, og får kjensle av meistring
  • At spelarane får kjenne på gleda av å vere ein del av eit lag
  • Gjere Edland stadion til ein møtestad for bygda

 

Me ynskjer å skape kameratskap, gode haldningar og varig interesse for fotball spesielt, og idrett generelt.

Dette vil me at alle skal ha som grunntanke i vårt barne- og ungdomsarbeid.

Me skal gje alle som vil spele fotball ein moglegheit til å gjere dette på barna sine eigne premiss, under trygge sosiale førehald.