Det var tilsaman 60 påmeldte til skikarusellen i år. 49 barn og unge deltok 3 eller fleire gonger. 5 vaksne klarte også premie.
Me fekk 8 klubbmestere og det deltok 20 stk på klubbmesterskapet.
Det har vært liten deltakelse på Vest-Telemark karusellen frå IL Rein. Bare 3 stk får samanlagt premien. Me hadde god deltakelse på stafetten i Høydalsmo med 4 lag, der alle gjorde ein god innsats. Nå er det bare Haukelirennet igjen.
PREMIEUTDELING blir april/mai.
Me vil nå ha ein månad med lite fellestreninger. Bare styrketrening på onsdagar for 5. klasse og oppover.
6. og 7. mai brakar det laus igjen med overnattings samling. Det blir mykje som i fjor, der det blir overnatting for alle frå og med 5. klasse. 4. klasse får være med på dag og kveld.
Elles blir det litt endring i treningstidene frå mai. Måndagar blir det jogging med litt spenst. Onsdagar blir det Intervall og torsdagar styrke. Me vil også prøve å få til langtur/fjelltur på laurdagar/sondagar.
Det blir også trim/joggekarusell i løpet av mai.