Etter to amputerte år var det berre store smil å sjå i den 32 kilometer lange Haukelirennløypa på Haukelifjell. Til saman deltok 1064 løparar i solsteika. Den aller raskaste gjennom var Gaute Kvåle frå Røldal IL med tida 1:11:38. Deretter fylgde Eivind Kjennerud frå Sande Sportsklubb med tida 1:12:58 og Arild Fosse frå Bjørgum med tida 1:15:14. På damesida vann Silje Øyre Slind frå Oppdal IL med tida 1:18:58, før Gunnhild Kvålseth med tida 1:24:49 og Hanna Kristine Larsen frå Heddal IL med tida 1:25:21.
Ungdomsrennet
I ungdomsrennet var det Jacob Berntzen Utistog frå Koll IL som gjekk fortast. Kristina Skulestøyl Aas frå Gransherad IL var raskaste jente.
Blidaste turrennet
Gleda over å gå Haukelirennet att var tydeleg stor blant både aktive, mosjonistar, trimmarar, ungdom og barn, og arrangøren var nøgde med deltakartalet, trass i litt færre enn dei siste gjennomføringane. Dei 130 funksjonærane frå IL Rein kunne smile då siste løparen gjekk i mål laurdag ettermiddag. Det er ikkje for ingenting at Haukelirennet går for å vere «Noregs blidaste turrenn».
Bilete (oppdateras fortløpande)
Velkommen tilbake laurdag 15. april 2023!